PIANO

DESIGNED BY JASON BOURNE FOR HERHOUSEN

FAGPLANAR FOR PIANOLÆRARANE VED ÅL KULTURSKULE;

Bergljot K. Nordal (s. 1)

Ludmilla Petrova (s. 2)

Fagplan Piano

Lærar: Bergljot Nordal

 

Fagplan for piano

Målsetting:

Gjennom undervisninga skal eleven få ei solid forståing av notelære og musikkformidling. Eleven skal få høve til å utvikle ein personleg tryggleik på det valde instrumentet. Det blir også lagt stor vekt på samspel med andre musikarar ved kulturskulen.

ELEVEN

Alle pianoelevar ved kulturskulen skal få grunnleggande notekunnskap, slik at dei sjølve etter kvart kan lese notar og lære seg songar på eiga hand. Den klassiske notasjonen for både høgre og venstre hand er nyttig og viktig kunnskap.

I notebasert tilnærming får eleven også kjennskap til besifring, og dermed også harmonilære og teori.

Gjennom lytteoppgåver skal eleven lære å skrive ned eigne og andre sine melodiar. Slik trener vi opp gehøret og eleven blir kjendt med rytme, melodi og harmoniar, både visuelt og auditivt.

PENSUM

Ludmilla Petrova har utvikla den lett tilgjengelege læreboka Velkommen til pianoet.

 

Etter begynnernivå velgjer læraren lærestoff tilpassa elevens ynskjer, nivå og alder.

IMPROVISASJON

I ynskjet om å bygge opp ein tryggleik til instrumentet ligg også mulegheiten til å tidleg kunne improvisere på instrumentet.

SAMSPEL

Musikkformidling kan foregå i liten og stor skala, men hovudpoenget er at nokon lyttar. I samspel blir elevane trena i å lytte til kvarandre og lytte til heilskapen. Konsertar og andre opptredenar er viktige og spennande mål, og kan gje motivasjon til å yte det vesle ekstra på øvingane.

ARBEIDSFORMER OG ORGANISERING

Undervisninga foregår primært 1 til 1, men det vil tidleg bli lagt til rette for små og store samspel. I forkant av konsertar og andre prosjekt vil det vere andre øvingstidspunkt og -former som blir aktuelle.

Frå og med hausten 2013 vil elevane til Bergljot oftare ha gruppespel med andre på same instrument. Info kjem.

 

Fagplan piano

 

Lærer : Ludmilla Petrova

 

Undervisningen foregår hver uke individuelt i 25 min.

 

Det forutsettast at eleven har eit akustisk eller digitalt piano heime.

Barn frå 6-årsalderen kan begynne å spele piano.

 

I oppstarten tar vi utgangspunkt i melodiar som elevene kjenner.

Desse blir lært etter gehør, og vi improviserer femtonespel på kvite eller svarte tangentar med kun høgre hand til å begynne med.

Gehørspel er ein metode som tas i bruk i undervisningen som supplement til notelære.

Notelære er en forutsetning for pianoundervisningen.

Å lære bass og diskantnotar samtidig er ein framgangsmåte som avgjort forenklar notelæringa.

Eleven får lekser som skal førebus til kvar speletime.

Det blir lagt vekt på variasjon innan repertoar og metode.

 

Undervisningen er individuelt tilpassa den enkelte elev så langt det er mogeleg.

 

På timen brukar vi ei fast noteskrivebok for å skrive alle grunnleggande emner:

Noter på notelinjene, noteverdiene,  fortegn, pauser, rytmemønster, grunnakkordar,taktarter, dur- og mollskalaene.

Kjennskap til noter utviklast parallelt med spelinga.

Tradisjonell notelære supplerast med akkord og besifringspel.

Repertoaret består av både klassisk, populærmusikk, jazz, blues, folkemusikk og den norske sang- og viseskatten. Elevenes interesse er avgjerande i valget av repertoaret. Men læreren har også eit ansvar for å formidle norsk og utanlandsk kulturarv.

 

Innhaldet i speletimen speglar i mest mogeleg grad ein balanse mellom musikkteori, estetikk og teknikk.

Eleven bør delta på konserter som blir arrangert i kulturskulen.

Konsertar er ein del av undervisninga.