KUNST

Kunst er det man ikkje kan. Viss man kunne, var det jo ingen kunst.

Lærar: Gunnveig Nerol

Alder: 5.-10.trinn

Tid: 17.30-18.45

Sted: Ål Ungdomsskule

 

 

 

Fagplan Kunst

Alle menneske er fødde med grunnleggjande evne og vilje til å uttrykkje seg visuelt. Verkelegheita set få grenser for fantasien og førestellingsevna hos barn. Det er eit viktig mål å halde ved like og utvikle denne ibuande skapargleda.

Visuell kunst tilhøyrer det store kulturfellesskapet samtidig som det representerer eit individuelt og personleg uttrykk for det å vere menneske i ei gitt tid. I ting, mønster og materialbruk kan vi lese korleis kulturar har utvikla seg.

Verdsarven og kulturarven viser dette, dei er globale berarar av dynamikken mellom skaping og gjenskaping. Gjennom å dele og samarbeide vil barn og unge få tilgang til det viktige danningsprosjektet som opplæring i visuell kunst k

Om faget

I veksling mellom teori og praksis , inntrykk og uttrykk, utgjer faget ei kjelde til kunnskap, problemløysing, skaparglede og praktisk virke. Komponentane kunst og formkultur, form, farge og komposisjon, materiale, reiskapar og teknikkar dannar ein heilheit og skal inngå i alt arbeid med faget.

Gjennom arbeidet med visuell kunst skal elevane:

• utvikle uttrykksevne, formsans og kunstfaglege ferdigheiter

• utvikle den ibuande skapargleda og oppleve meistring

• utvide perspektivet sitt og kulturforståinga si gjennom utforsking av fortid, nåtid og framtid

• utvikle evne til kommunikasjon, analyse og refleksjon i eit lærings- og arbeidsfellesskap

• få høve til fordjuping som kan danne grunnlag for høgare utdanning i visuell kunst

• bli ressurspersonar som bidrar til eit levande lokalmiljø

Læringsmål 

• har grunnleggjande materialkunnskap og meistrar utvalde teknikkar

• opplever skaparglede og fagleg utvikling

• lærer gjennom leik, utforsking, eksperimentering og refleksjon

• har utvikla nysgjerrigheit og eit merksamt blikk

• har kjennskap til kunst og kunsthandverk, inkludert arbeid med lokalt tilsnitt

• har tatt del i kreative prosessar saman med andre elevar

• har deltatt med arbeida sine på ein relevant visningsarena • er del av eit levande lokalmiljø og medverkar til å skape felles lokal identitet og livsglede