GITAR & BASS

«I like to be quiet and play guitar and just chill.» – Post Malone

Lærar: Audun Sporsheim

Overordna mål

Gjennom arbeidet med musikk skal elevane

• oppnå gode ferdigheiter på instrumentet sitt, på alle nivå og ut frå ambisjonsnivå

• oppleve meistringsglede og positiv sjølvutvikling

• utvikle seg til sjølvstendige utøvarar som har glede av musikk livet gjennom

• bli aktive lyttarar med eit nært forhold til musikk

• utvikle evna til samspel og samarbeid

• få høve til fordjuping som kan danne grunnlag for vidaregåande og høgare utdanning i musikk

• bli ressurspersonar som bidrar til eit levande kulturliv

Grunnleggjande gitarundervisning

Lærebøker:

”Spill gitar! -hefte 1” av S.Lundestad – T.Solberg – E.Wiik. ISBN: 9788280890177

”Rytmisk Gitarbok” av Andreas Haddeland, samt eige utval av lærer i samarbeid med elev. ISBN: 9788291379067

Hovudinnhald:

Lære om instrumentets oppbygging og stemmeteknikk. Lære korleis ein held instrumentet. Lære å beherske grunnakkordar som gjer eleven i stand til besifringsspel. Beherske ulike rytme- og melodispel på instrumentet. Til sist lære noko skalaspel som introduserer eleven for solospel og improvisasjon.

Akkordar:

Grunnakkordane C-D-E-F-G-A-D7-E7-G7-A7-em-am-dm

Besifring:

Spele songar og viser der grunnakkordane er angitt ovanfor teksten.

Melodi:

Spele melodi på gitaren med komp frå lærar eller i samspel med andre elevar.

Skalaspel:

I hovudsak pentaton-skala som gjer eleven i stand til å improvisere solospel i blues.

Organisering av undervisninga:

Undervisninga vil normalt gå føre seg individuelt.

Samspel:

Elev og lærar speler viser og songar saman. Elev har høve til å delta i huskonsertar saman med lærar eller andre elevar.

Huskonsertar:

Eleven får tilbod om å kunne delta på ulike huskonsertar i løpet av semesteret. Dette for å vise utøvande ferdigheitar.

Kontakt med elev/føresette:

Elev og føresette skal orienterast om korleis arbeidet har gått føre seg og kva for resultat som er nådd. For små elevar er det viktig at føresette følgjer opp eleven og passer på at dei hugsar å øve på leksa si heime.

Måloppnåing:

Eleven har nådd målsettingane når alle emna i planen er gjennomgått og kan utførast tilfredsstillande.

Vidarekomen 1

Lærebok:

”Spill gitar! -hefte 2” av S.Lundestad – T.Solberg – E.Wiik samt eige utval av lærer i samarbeid med elev.

ISBN: 9788280890375

Hovudmål:

Lære å beherske grunnakkordar blant anna barrégrep som gjer eleven i stand til besifringsspel. Beherske ulike rytmemønster og melodispel på instrumentet. Improvisasjon med pentaton og blues-skalaer som gjer eleven i stand til solospel.

Akkordar:

Grunnakkordane og noko utvida akkordar.

Besifring:

Spele songar og viser der grunnakkordane er angitt ovanfor teksten.

Melodi:

Spele melodi på gitaren med komp frå lærer eller i samspel med andre elevar.

Solospel/Improvisering:

I hovudsak pentaton skala som gjer eleven i stand til å improvisere i blues. Improvisasjon betyr at ein ikkje har alt planlagt, men improvisasjon krev eit godt grunnlag. For ein musikar vil det vere kjennskap til skalaer, akkordar, ulike genre, riff, rytmiske mønstre, melodiar eller harmoniar. Ein som improviserer i ein genre (til dømes blues) treng ikkje å kunne improvisere i ein annan tradisjon (f.eks. flamenco). Også fri improvisasjon krev si planlegging, nettopp det å vere fri frå alle vanlege klisjear i andre musikkformer, som til gjengjeld skapar klisjear innafor «fri improvisasjon».

Huskonsertar

Eleven får tilbod om å kunne delta på ulike hus konsertar i løpet av semesteret. Dette for å vise utøvande ferdighetar.

Kontakt med elev/føresette:

Elev og føresette skal orienterast om korleis arbeidet har gått føre seg og kva for resultat som er nådd. For små elevar er det viktig at føresette følgjer opp eleven og passer på at dei hugsar å øve på leksa si heime.

Måloppnåing:

Eleven har nådd målsettingane når alle emna i planen er gjennomgått og kan utførast tilfredsstillande.

Vidarekomen 2

Lærebok:

Den elektriske gitarboka 1,2 & 3 av S.Refvik. Noko standardjazz frå ”Realbook” samt eige utval av lærer i samarbeid med elev. Bok 1. ISBN: 9788280890115 Bok 2. ISBN: 9788280891419 Bok3. ISBN: 9788276380842

Hovudmål:

Lære å beherske utvida akkordar som gjer eleven i stand til besifringsspel. Beherske ulike rytmemønster og melodispel på instrumentet. Øving på solospel med kyrkjetoneartane, pentaton skala, ulike riff og teknikkar som gjer eleven i stand til å improvisere.

Akkordar:

Grunnakkordar og utvida akkordar.

Besifring:

Spele etter noteskjema med besifring.

Rytme:

Øving på ulike rytmemønster.

Skala:

Kyrkjetoneartane/Modale skalaer, pentaton skala.

Solospel/Improvisering:

I hovudsak pentaton skala som gjer eleven i stand til å improvisere i blues. Improvisasjon betyr at ein ikkje har alt planlagt, men improvisasjon krev eit godt grunnlag. For ein musikar vil det vere kjennskap til skalaer, akkordar, ulike genre, riff, rytmiske mønstre, melodiar eller harmoniar. Ein som improviserer i ein genre (til dømes blues) treng ikkje å kunne improvisere i ein annan tradisjon (f.eks. flamenco). Også fri improvisasjon krev si planlegging, nettopp det å vere fri frå alle vanlege klisjear i andre musikkformer, som til gjengjeld skapar klisjear innanfor «fri improvisasjon».

Huskonsertar:

Eleven får tilbod om å kunne delta på ulike huskonsertar i løpet av semesteret. Dette for å vise utøvande ferdighetar.

Kontakt med elev/føresette:

Elev og føresette skal orienterast om korleis arbeidet har gått føre seg og kva for resultat som er nådd.

Måloppnåing:

Eleven har nådd målsettingane når alle emne i planen er gjennomgått og kan utførast tilfredsstillande.

Læreplan for bassgitar.

Lærar: Audun Sporsheim

Grunnleggjande

Lærebøker:

” El-bassboka” av Øivind Madsen, samt eige utval av lærer i samarbeid med elev.

Hovudinnhald:

Lære om instrumentets oppbygging og stemmeteknikk. Lære korleis ein held instrumentet. Lære å beherske tonar og plassering på bassgitarhalsen som gjer eleven i stand til besifringsspel. Beherske vekselbass og ulike rytmar på instrumentet.

Akkordar:

C – C#/Db – D – D#/Eb – E – F – F#/Gb – G – G#/Ab – A – B – H

Besifring:

Spele songar og viser der grunnakkordane er angitt ovanfor teksten.

Melodi:

Spele melodi på gitaren med komp frå lærar eller i samspel med andre elevar.

Organisering av undervisninga:

Undervisninga vil normalt gå føre seg individuelt i startfasen. I andre semester prøver me å kome i gang med samspel.

Samspel:

Elevar og lærar speler saman. Elev har høve å delta i huskonsertar saman med lærer eller andre elevar.

Huskonsertar:

Eleven får tilbod om å kunne delta på ulike hus konsertar i løpet av semesteret. Dette for å vise utøvande ferdighetar.

Kontakt med elev/føresette:

Elev og føresette skal orienterast om korleis arbeidet har gått føre seg og kva for resultat som er nådd. For små elevar er det viktig at føresette følgjer opp eleven og passer på at dei hugsar å øve på leksa si heime.

Måloppnåing:

Eleven har nådd målsettingane når alle emne i planen er gjennomgått og kan utførast tilfredsstillande.

Vidarekomen

Lærebok:

”El-bass boka 2” av Øyvind Madsen samt eige utval av lærer i samarbeid med elev.

Hovudmål:

Å bli trygg på besifringsspel, ulike rytme og det å lære  samspel med slagverk og andre instrument.

Besifring:

Spele songar og viser der grunnakkordane er angitt ovanfor teksten.

Teknikk:

Noko plekterteknikk og slaphand teknikk. Introduksjon på walkingbass og standard jazz låtar.