YOGA

«Practice and all is coming.»

NYTT! Vinyasa yoga – nybyrjarkurs 10 veker.

Lærar: Iris Almås Tangeraas
Tid: Måndagar kl. 18.00–19.00
Oppstart: Måndag 31. august – 9. november
Stad: Store Feten (dansesal), Ål kulturhus

Er du nysgjerrig på yoga og har lyst til å lære det grunnleggande? Dette kurset passar for deg som er nybyrjar, eller som har gjort litt yoga tidlegare og ønskjer ei trygg og grundig innføring.

Vinyasa yoga er ei fysisk og dynamisk yogaform der vi knyter pust og rørsle saman. Vi beveger oss gjennom ulike yogastillingar i flytande sekvensar og øver på å la pusten vere ein guide for tempo, rørsle og merksemd.

Gjennom kurset blir du kjend med grunnleggande yogastillingar (asanas), pusteteknikkar (pranayama), avspenning og enkel meditasjon. Vi arbeider med styrke, balanse, smidigheit, uthald og kroppsmedvit – men også med konsentrasjon og evna til å finne ro.

Timane er fysisk aktive, men du treng verken å vere sterk eller mjuk for å starte. Du får ulike alternativ undervegs og lærer korleis du kan tilpasse øvingane til din eigen kropp. Vi bruker tid på grunnleggande teknikk og trygg muskelaktivering, samtidig som vi lærer yoga først og fremst gjennom å gjere yoga.

Målet er at du skal få eit godt og trygt grunnlag for vidare yogapraksis – og bli kjend med korleis pust, rørsle og mentalt fokus kan spele saman.

Du treng ingen forkunnskapar.

 

Vinyasa Ashtanga Yoga – frå 16 år

Lærar: Iris Almås Tangeraas
Tid: Måndagar kl. 19.15–20.30
Stad: Store Feten (dansesal), Ål kulturhus

Ein leiken og fysisk yogatime som utfordrar styrke, smidigheit, balanse, pust og mentalt fokus.

Kva?
Vinyasa yoga er ein dynamisk praksis med fokus på flyt og pust. Rørslene blir knytte saman i sekvensar der vi arbeider med god teknikk og muskelaktivering. Kroppen blir utfordra gjennom styrke, smidigheit, balanse og uthald, samtidig som vi bruker pust og konsentrasjon aktivt gjennom heile timen.

For kven?
For deg som ønskjer ein fysisk og aktiv yogatime og vil utvikle styrke, smidigheit, balanse og kroppsmedvit. Du treng ikkje vere spesielt mjuk eller sterk for å delta – yoga møter vi med den kroppen vi har.

Har du mykje smerter, skadar eller slitasje, kan ein rolegare og meir skånsam yogaform vere eit betre alternativ. Snakk gjerne med instruktøren dersom du er usikker.

Korleis?
Vinyasa yoga er ein flytande praksis der rørsla følgjer rytmen i pusten. Du blir leidd gjennom timen med fokus på trygg yogapraksis, pust, styrke, konsentrasjon og nærvær. Vi avsluttar alltid med avspenning og gir kroppen og hovudet tid til å finne ro.

Yoga handlar ikkje først og fremst om å prestere eller om å få til den vanskelegaste stillinga. Hovudfokuset i timane våre er å oppleve, vere til stades og bli kjend med eigen kropp og pust.

Dei fysiske øvingane trenar kroppen, men er samtidig eit verktøy for å utforske og utvikle eige potensial – både fysisk og mentalt.

Praktisk informasjon og pris

Pris:
3 800 kr for eit skuleår på 36 veker
1 900 kr for eitt semester

 

Kva treng du på yogatimen?

  • Yogamatte
  • Treningsbukse/tights og T-skjorte eller singlet
  • Hårstrikk eller klype dersom du har langt hår
  • Lite handkle
  • Vi praktiserer yoga berrføtt

Du kan også gjerne ha med vassflaske og ein ekstra genser eller eit sjal til avspenninga på slutten av timen.

Yogamatte

Yoga er heldigvis ein aktivitet som krev lite utstyr. Ei god yogamatte er likevel verdt å investere i. Ei kvalitetsmatte kan vare i mange år og gir betre støtte og grep gjennom praksisen.

Av hygieniske årsaker ønskjer vi at elevane etter kvart har si eiga matte, men du kan sjølvsagt låne matte av oss dersom du ikkje har. Er du usikker på kva du skal kjøpe? Spør gjerne instruktøren om råd før du investerer i ei matte.

Er yoga for meg?

Ja – yoga kan tilpassast svært mange ulike kroppar og utgangspunkt.

Du treng ikkje vere mjuk for å begynne med yoga. Faktisk er det ein av grunnane til at mange startar! Yoga handlar heller ikkje berre om dei fysiske stillingane. Pust, konsentrasjon, kroppsmedvit, avspenning og det å vere meir til stades i augneblinken er like viktige delar av praksisen. Du treng ingen forkunnskapar. Kom med ei yogamatte, klede du kan bevege deg i – og eit ope sinn.

Velkommen på matta!

Fagplan

YOGA

Velkomen til yoga-kurs der du kan fokusere på ditt indre og væra tilstades i eigen kropp. 

Yoga er ein ettertrakta treningsform som har sin opprinnelse fleire tusen år tilbake i India. Det er ei effektiv form for trening, som gjev deg auka kropps-bevisstgjering, løyser opp spenning, gjev styrke, smidigskap, energi og eit roleg sinn. Det komplette perspektivet og sin positive effekt har gjort yoga meir og meir populær dei siste årane.

Yoga passar for alle aldre, om ein er sjuk eller frisk, og ein treng ikkje væra mjuk for og starte med yoga. Yoga handlar like  mykje om pusteteknikk og ynskje om å være meir tilstades i augenblinken. Det er viktig å lære og væra tilstades i eigen kropp. Ein treng ingen forkunnskapar, kun ei yogamatte, treningsklær og eit åpent sinn.

Me tilbyr undervisning i yoga for damer og menn, frå 16 år og oppover.

Ein bestemt pusteteknikk gjev ei djup innverknad på kropp og sinn. Yoga handler om å væra i balanse med seg sjølv, å oppleva harmoni, ro og velvære. Kort oppsummert:  ha det bra med seg sjølv.

Målet med yoga er å bevara denna følelsen ikkje berre når ein trenar, men også ellers i livet. Hovedfokus når ein trenar yoga er å oppleva, å være tilstades i bevegelse og pust, i staden for å skulle prestere.

Dei fysiske øvelsane trenar kroppen, men like så mykje er dei eit verktøy for å utforske og utvikle sitt eige potensiale både fysisk og mentalt.

Yoga for born  (ikkje på timeplanen 2023-24)

Barn og unge i dag veks opp med mange flere impulsar enn tidlegare. Dei skal heile tida væra online og tilgjengeleg i informasjonssamfunnet. Yoga og meditasjon gjer at ein kjem i kontakt med seg sjølv og sin indre styrke. Timane er basert på leik, konsentrasjon og samhold. Eit yogakurs spesielt tilrettelagt for barn frå 4. til 6. trinn.

Timane er leikne og fylde av historiar og musikk, yogastillingar og sekvensar. Me har fokus på pust, meditasjon og avspenningsøvelsa. Kvar time blir avslutta med herleg avspenning. Yoga er ein aktivitet utan fokus på prestasjon, men jobbing mot positiv tenkning som skal styrke barnas sjølvtillit. Yoga kan fremme barnas balanse, styrke og motorikk og trenar opp evna til å konsentrere seg og slappe av. Barnet treng ikkje å ha tidligare kjennskap til yoga for å kunne være med på kurset.

Yoga for ungdom (ikkje på timeplanen 2023-24)

Yoga er ei komplett treningsform som fokusera på samanhengen mellom pust og bevegelse. Yoga kan gjera deg sterkere og meir fleksibel, både fysisk og mentalt. Yoga gjev auka konsentrasjon og større utholdenheit og meir energi! Pusteøvelsar og avspenning har ein beroligende effekt, og gjer det enklare å takle kvardagens krav og stress.

Yoga er moro og utfordrande og gjev eit godt grunnlag for eit liv med styrke, pust og fleksibilitet!

Me tilbyr også kurs til barnehagar og skuler!

Om instruktøren

Iris Almås Tangeraas er utdanna dansepedagog og har fleire kurs i pilates og yoga.  Ho vart sertifisert Asthanga Yoga lærar hjå meister Alexander Medin på Puro Yoga i Oslo våren 2017. Iris har lang erfaring med undervisning og hennar timer kjenneteiknast med energi, flyt og intensitet.