Søm & Design (manglar lærar)
For: elevar som går på ungdomsskulen og VGS.
Lærer: Vi manglar lærar skuleåret 2022-23. Dette faget er på pause
Tid: Onsdagar 17.30 i det nye «design-rommet» i 1. etg på Ål kulturhus.
Har du lyst til å sy eigne klede og lære deg re-design av klede? Har du sett «Det store Symesterskapet» og kjent det klø i fingrane etter å sy sjølve? Fått med deg fokuset i media om alt det spennande du kan gjera med re-design av eigne klede? Kanskje du følgjer nokon spennande Instagram -kontoar som inspirerer til omsøm/ re-design? Drøymt om å sy eige antrekk til juleballet? Drøymt om å fiksa på kleda dine for å få meir unike plagg? Synest det er spennande med kostyme? Lære deg å sy rett og slett? Då er dette noko for deg:
For Camilla har svennebrev i Kjole- og draktsøm, og har SÅ lyst til å ha med akkurat deg ein kveld i veka og sy saman! Så går du på ungdomsskulen eller på vidaregåande og har lyst til å læra å sy, få hjelp med eigne syprosjekter, læra deg ordentleg med symaskin, får rettleiing, tips, og triks om korleis ein syr så det blir proffe og fine resultat. Har du eiegn maskin du vil bruke er det fint. Vi skaffar maskin til dei som treng.
Blir opplæring av:
*korleis bruka symaskin,
*korleis sy eigne plagg frå start til slutt;
*korleis bruka mønster; overføring på stoff, trådretning av stoff osb.
*korleis endre på mønster, korleis teikna av mønster frå plagg du allereie har.
*korleis få til re-design; enkle endringar av eksisterande plagg, søm av nye plagg ut ifrå gamle plagg, dukar, og *andre stoff du har liggande. Sjå moglegheitene som ligg i gamle skattar til å bli nye skattar!
Og alt vi får plass til med den tida vi har. Camilla tilpassar ut ifrå kva du har lyst til.