DANS

Vi vil skape danseglede og utvikle den enkelte dansar sitt kunstnariske uttrykk!

Lærarar 2024: Mai Lene Eliesen

Du finn timeplanen din på brukaren din i SpeedAdmin: [https://noaal.speedadmin.dk/](https://noaal.speedadmin.dk/)

Dans er ein del av det å vere menneske. Hos born er dans til stades som ein intuitiv uttrykksmåte heilt frå fødselen av. Det er viktig at denne medfødde evna til å uttrykkje seg med rørsler blir stimulert vidare i oppveksten. Å oppleve, utøve og skape dans vil kunne gi eit positivt bidrag til den fysiske, emosjonelle, sosiale og intellektuelle utviklinga til eleven. Dans kan stimulere til kreativitet, utfalding og meistring og bidra til ei positiv haldning til eigen kropp og til danning og identitetsutvikling. Dansen kan styrke viktige livskompetansar som mot, disiplin, tryggleik, tillit, samhandling og samarbeid. Ikkje minst gir dansen glede!

Overordna mål for danseopplæringa ved Ål Kulturskule

Gjennom arbeidet med dans skal elevane kunne:

– meistre basisferdigheiter knytte til eigen kropp, nivå, sjanger og til dansefagets eigenart
– bruke dans som kommunikasjons- og uttrykksmiddel
– oppleve glede ved å meistre, skape og utøve og gjennom det få tillit til eigne evner og moglegheiter til å uttrykkje seg
– utvikle kritisk tenking, disiplin og samarbeid
– få høve til fordjuping som kan danne grunnlag for vidaregåande og høgare utdanning i dans
– bli ressurspersonar som medverkar til eit levande kulturliv.

«Livet er betre når ein dansar!»

Danseundervisninga hos oss startar frå fylte 3 år og går heilt opp til pensjonistalderen. Viktige handlingar i faget er å utøve, formidle, skape, oppleve og reflektere. Når elevane startar på dans, legg vi vekt på rytmeleik, grunnleggjande rørsler og det å bli kjent med kroppens moglegheiter både gjennom kreative øvingar, grunnleggjande klassiske ballettøvingar, tøyning og leik. Vi legg også stor vekt på å skape ei trygg gruppe, der fellesskapet og dansegleda står i fokus.

I løpet av åra eleven er med på dans, prøver vi å legge eit godt og variert grunnlag med innslag av dei fleste dansestilar, som klassisk, jazz (i ulike former, til dømes lyrisk), moderne, hip hop, kreativ dans, improvisasjon, musikal og samtidsdans.

I arbeidet med dans i kulturskulen vil prosessen vere like viktig som resultatet. Det er viktig med ein god meistringskultur der ein har tydelege mål og ambisjonar, men likevel legg vekt på medverknad og eigarskap, samarbeid og det å gjere kvarandre gode. Dansefaget er ein viktig arena for sosiale møte, nære relasjonar og vennskap.

Kroppen er ein dansar sitt instrument og det blir lagt stor vekt på å lære og å forstå sin eigen kropp og å ta vare på den gjennom styrkeøvingar, tøying og pust. Me vil bidra til at eleven får ei god sjølvkjensle og kjenne at kroppen er vår beste venn i dansen!

Dans som kunstform handlar om å uttrykkje seg gjennom kroppen. For å lukkast i dette må eleven få møte kombinasjonar av ulike stilar og stemningar og vidare sikte mot å uttrykkje og vekke kjensler på eit djupare plan.

Undervisninga er i flotte og nye lokalar på Ål kulturhus og vi har tett samarbeid med Sprang – Landsdelsscene for dans.