Sceneteknikk

Lærar: Audun Sporsheim
Samarbeidspartnarar: Ål kulturhus og Hallingdal Lyd
Alder: frå 7. trinn
Måndagar kl. 15.00-16.00 – oppmøte i Storesalen på Ål kulturhus
Fasinert av scenelys og skikkelig god lyd? Lyst å sitte bakerst bak spakane når det er show? No startar vi opp att med sceneteknikk og tilbyr 6 plassar frå 7. trinn. Det blir vekentlig undervisning i tillegg til arrangementer i lokalmiljøet.
Her vil du lære meir om korleis det er å være lydteknikar, lysteknikar, backlineteknikar, riggar og stage manager blant anna.
Ål kulturhus er vår leikegrind og det vil være mange sjansar til å være med på større produksjonar og møte ulike teknikarar frå heile landet.
Målet er ar denne gjengen skal styre teknikken på våre eigne produksjonar i løpet av skulåret om dei blir gode nok 😉