SLAGVERK

Slagverk 

Lærarar: Eivin Brye

Overordna mål

Gjennom arbeidet med slagverk skal elevane

• oppnå gode ferdigheiter på instrumentet sitt, på alle nivå og ut frå ambisjonsnivå

• oppleve meistringsglede og positiv sjølvutvikling

• utvikle seg til sjølvstendige utøvarar som har glede av musikk livet gjennom

• bli aktive lyttarar med eit nært forhold til musikk

• utvikle evna til samspel og samarbeid

• få høve til fordjuping som kan danne grunnlag for vidaregåande og høgare utdanning i musikk

• bli ressurspersonar som bidrar til eit levande kulturliv

Eit viktig mål for undervisninga på trommesett er at eleven blir sett i stand til å kunne spele i ensemble med andre (f. eks band).

Eleven vil, etter å ha gjennomført modul 3 ha eit godt grunnlag for vidare spel på

vidaregående nivå, for eksempel på Musikk-, Dans- og dramalinje.

Før me startar på modul 1 lærer eleven riktig grep og teknikk og me innfører ”enkel” notelære.

Modul 1:

Modul 1 for trommesett tar for seg enkle øvelsar med koordinasjon. Målet med modulen er at eleven skal bli kjent med instrumentet. Eleven skal bli kjent med dei ulike delane på trommesettet og benevnelsane dei går under. Eleven skal kunne spele enkle ”fills”. Eleven skal beherske koordinasjon øvelsar.

 

Modul 2:

Eleven skal kunne utføre enkle improvisasjons-øvelsar på trommesettet. Eleven skal kunne framføre enkle ”solostykker” Eleven skal kunne spele sammen med andre instrument og forstå si rolle som ein del av eit ensemble.

Modul 3

Eleven vil i denne modulen få ei innføring i jazz og enkle latinamerikanske rytmar. Jazz-rytmar er en viktig del i denne modulen. Polyrytmikk vil bli innført som begrep og eleven skal i løpet av modulen beherske det meste av ”vanlege” rytmar på trommesettet.

 

 

Alle elevane MÅ ha eigne stikker.
Det er lurt å sende høyrselsvern med borna.

Montér sel blå plastbøyler med øyrepluggar. Desse er lette å ta av og på