HARDINGFELE
Velkomen til fele, fiolin og hardingfele!
Hardingfele
Lærar: Rebecca Lofft
Hardingfele er ein viktig del av den lokale kulturarven i Hallingdal, og ved kulturskulen får elevane høve til å bli kjende med både instrumentet og speletradisjonen. Undervisninga legg vekt på spelglede, meistring og utvikling – tilpassa den enkelte elev sitt nivå og ambisjonsnivå.
Gjennom arbeidet med musikk skal elevane få gode ferdigheiter på hardingfele, oppleve meistringsglede og utvikle seg som sjølvstendige utøvarar med glede av musikk livet gjennom. Elevane blir òg oppmoda til å vere aktive lyttarar og utvikle eit nært forhold til musikk og tradisjon.
Samspel og samarbeid er ein viktig del av tilbodet. Elevar frå kulturskulen får høve til å spele saman med Juniorspelemannslaget, noko som gir verdifull erfaring med samspel og fellesskap. For elevar som ønskjer det, kan undervisninga òg gi grunnlag for vidare fordjuping og vidaregåande eller høgare utdanning i musikk.
Målet er at elevane skal bli trygge musikarar og ressurspersonar som bidreg til eit levande lokalt kulturliv.
Hardingfele for du låne av oss i kulturskulen