Vil du vere med til Nangijala?

 

9. mai set Ål kulturskule opp Brørne Løvehjarte på Ål kulturhus, og no leitar vi etter skodespelarar!

 

Etter den flotte opplevinga med Alice i Eventyrland kastar vi oss over ei heilt ny verd. 

Denne gongen skal vi inn i Astrid Lindgren si sterke forteljing om brørne Kavring og Jonatan Løvehjarte – om mot og redsle, kjærleik og vennskap, og kampen mellom det gode og det vonde.

Og vi treng fleire med på laget.

 

Derfor inviterer vi til audition på Ål kulturhus.

 

Vi ser særleg etter gutar til dei store rollene, men alle er velkomne til å prøvespele. Vi ønskjer oss fleire eldre barn og ungdommar som har lyst til å stå på scena. 

 

Du treng ikkje gå på teater i kulturskulen frå før. Kanskje har du spelt teater tidlegare, eller kanskje har du aldri prøvd, men har lyst til å sjå om dette kan vere noko for deg?

 

På audition får du møte teaterlæraraen vår Ida-Kristin og andre som skal vere med, prøve deg på tekst og ulike roller og bli litt kjent med historia og universet i Brørne Løvehjarte.

 

Du treng ikkje førebu noko. Vi ser etter ulike typar, personlegdomar og uttrykk – og etter folk som har lyst til å vere med og skape ei stor teateroppleving saman.

 

Audition
Ål kulturhus
Dato: 24 september
Tid: 18.00
Alder: 7. trinn til VGS 

Påmelding:  Påmelding Audition 24. september – Fyll ut skjemaet

 

Framsyning: 9. mai på Ål kulturhus

Kjenner du nokon som burde prøve seg? Tips dei gjerne. Vi håpar særleg at mange gutar tek sjansen og kjem på audition.

Kven blir Jonatan? Kven blir Kavring? Kven vågar å møte Tengil?

Nangijala ventar!

Comments are closed