HDK audition 2026-27.

https://fb.me/e/jTwqok7xK

https://fb.me/e/jTwqok7xK

Velkomen til prøvedans til fordjupingsstilbodet for dans for heile Hallingdal! Vi gler oss til å møte deg.
Sted og tid: torsdag 4. juni kl. 18.00-19.30 Ål kulturhus i den store dansesalen. Kom gjerne i god tid.
Er du mellom 13 og 20 år og elev ved ein av kulturskulane i Hallingdal, har du no sjansen til å vere med på danseeventyret!
Ved prøvedansen vert det lagt vekt på:
Gode ferdigheiter i jazz og moderne dans
Motorikk og koordinasjon
Musikalitet
Evne til raskt å lære nye rørsler og trinnkombinasjonar
Motivasjon for utvikling og danseglede
Positivitet og evne til å være en god lagspiller
Vi ynskjer spesielt velkomen til dansarar med sterk drivkraft og lyst til å utvikle seg vidare.
Styret i HDK er også til stades:
Rannveig Øygardslia, leiar for Sprang – landsdelsscene for dans
Mari Vaagland, dansepedagog og rektor ved Gol kulturskule
Marte Medgard Skår, dansepedagog ved Ål kulturskule og kunstnarleg leiar for HDK
Ruoxi Yang, dansepedagog ved Nesbyen og Hemsedal kulturskule
Iris Almås Tangeraas, dansepedagog, rektor og dagleg leiar for HDK
Krav til medlemmar i kompaniet: Frå hausten 2026 må du delta på minst to danseklassar i veka med profesjonelle pedagogar ved ein av kulturskulane i Hallingdal. Kompanitreningane er obligatoriske og gratis, og vil vere fast på torsdagar på Ål kulturhus.
Om prøvedansen: Kompaniet tek opp inntil 12 dansarar frå heile regionen. Klassen inkluderer oppvarming, teknikkøvingar, innstudering av koreografi og ikkje minst moglegheita til å bli kjent med nye dansevener frå heile Hallingdal. Vi gjer beskjed til alle om kven som får plass innan 15. juni.

Comments are closed