Program SNE

«Sne-serien» – eit nytt møte med norsk vinter

«De spør meg om mitt arbeid?
Med det går det bra, jeg arbeider som besatt
og har fått den vanvittige idé å lage bare
“Sne”-raderinger.
Det er utrolig vanskelig, men tiltrekker meg spesielt…»
Rolf Nesch, 1934

Februar 1934. Rolf Nesch sit i sitt vesle hus på Slependen utanfor Oslo. Han har berre budd i Noreg i nokre månader, og vinteren kjem som eit sterkt og overveldande førsteinntrykk:

Høge tre utan ende.
Stille landskap utan landsbyar.
Islagte marker og fjordar gøymde under snø.
Ei lita trebåt i ei råk – og i vest ein bleik vintersegl bak Skaugumsåsen.

Naturen er noko heilt anna enn han kjenner frå Tyskland.
Dette møtet set i gang eit intenst, nyskapande og livsendrande arbeid:
«Sne-serien» – hans første store grafiske prosjekt i Noreg, og starten på ein ny kunstnarisk epoke.

I 1994 presenterte den tidlegare kultursjefen Maria Høgetveit Berg eit komplett utval av «Sne-serien» i ein katalog utgitt for Nesch-museet på Ål. Katalogen kan framleis kjøpast på Ål kulturhus.
Det er mykje takka vere hennar arbeid at denne serien er gjort tilgjengeleg for oss — og at både publikum og nye generasjonar kunstnarar og dansarar kan bli kjende med dette viktige kapittelet i Nesch sitt kunstnarskap.

 

Om Rolf Nesch og «Sne-serien»

«Sne-serien» er banebrytande i norsk kunsthistorie. I dei 20 grafiske blada utforskar Nesch vinterens flater, teksturar og rørsle på utradisjonelle måtar. Han utvikla nye metodar, forma med metall og materiale, og lét seg utfordre av naturen sin eigen estetikk.

Dette kunstnarlege vendepunktet markerte òg byrjinga på Nesch si sterke og livslange tilknyting til Norge – og etter kvart Hallingdal og Ål, der ein i dag finn den permanente Nesch-samlinga.

 

Ei ny tolking — gjennom dans

Når ein ny generasjon møter kunst, skjer det noko nytt.
Dansarane ved Ål kulturskule har studert Nesch sitt vinterunivers med eigne auge og eigne kroppar — og omsett biletkunst til rørsle. Det du får sjå i dag, er ikkje ei etterlikning, men ei tidsaktuell og personleg tolking.

 

Kunstnarleg leiing

Koreograf og dansepedagog Marte Medgard Skår har leidd prosessen der dansarane har utforska det skjøre og kraftfulle i vintermotiva — frå stillheit til storm. Gjennom improvisasjon, fysiske utfordringar og leik med form og rytme, har dei utvikla eit uttrykk som — i likskap med snøen — stadig er i endring.

 

Produksjon

Framsyninga er produsert av Iris Almås Tangeraas, rektor ved Ål kulturskule, i tett samarbeid med lærar, elevar og det lokale kulturlivet i Ål. Ein hyllest til både historisk kunst og til alt det som spirer og utviklar seg her — midt i vinteren, midt i dalen.

 

Rekkefølge:

  1. Nesøen – Et glimt av nysgjerrigheit.
  2. Tre – Treet i sin eleganse. 
  3. Landøen – Kva som ventar bak neste sving, veit berre den som går vidare.
  4. Båt på fjorden – Framandfrykt.
  5. Klipper ved veien – Du vil alltid finne vegen heim, den vegen som finns i deg.
  6. Bjerker – Som greinene på eit tre veks me i kvar vår retning, men røtene er fortsatt dei same.
  7. Tre grantrær – Ein trio som formidlar det å vakse saman.
  8. Snesmelting – Vinterens fasar samanliknast med livets fasar. 
  9. Klipper – Ei spegling av våre majestetiske fjell. 
  10. Gate – Denne gruppa dansar hiphop i ekte gate-stil.
  11. Sol – Har ein ikkje sola må ein danse som den.
  12. Trær ved fjorden – Når du går deg bort i skodda kan vegen føre til ein vakker stad.
  13. Fjord – Det er magisk korleis ulike element i fjorden jobbar saman.
  14. Trær i skråning – Ein kjem ikkje til toppen utan å klatre.
  15. Holmenkollen – Har du ikkje vingar, skap dei.
  16. Skaugum – Skinet frå kopartrådane i bilete til Nesch viser veg gjennom Skaugum-åsen. (Biletet er laga av kopartrådar)
  17. Fisker i båt – Å flyte rundt aleine på vatnet kan være fredfullt eller einsamt.
  18. Marker – Ingenting er som å sjå barna leike fritt på opne markar.
  19. Furu og grantrær – Sjølv om me er ulike kan me leve i harmoni.
  20. Måneskinn på sneen – I måneskinn tar mystikken på sin krone, for natten og stjernene er hennes.

program SNE

Comments are closed