Sommarfest

Velkomen til vår årlege Sommarfest med Ål kulturskule laurdag 15. juni på Ål kulturhus!
Har du spørsmål om prøveplanen – ta kontakt med din faglærar. Vi sender ut all informasjon på e-post. 
 
Kl. 13.30: KLANG! Akustisk konsert i Sprang
Kl. 15.00: SYNG! Ei framsyning med songarar og dansarar på Storescena
Kl. 16.30: PLAY! Plugga konsert i Sprang med temaet musikk frå dataspel.
 
Vi inviterar små og store, elevar og publikum, til ein allsidig sommarfest på Ål kulturhus.
Me har stor glede av song, musikk, dans, kunst og komponering her i Ål, og mange har ein leiken og kreativ kvardag saman med oss i kulturskulen. Me vil gjerne vise fram heile breidda vår, og ynskjer deg hjarteleg velkomen til å dele sundagen med oss. Vi har 260 elevar i kulturskulen på Ål og denne dagen skal alle få skinne denne dagen!
Du kan vente deg ei stor danseframsyning på Storescena, konsert i Sprang med dei dyktige musikarane våre, kunstutstilling med våre kunstnarar og ikkje minst veldig triveleg samvær.
Det blir offisiell utdeling til årets Drømmestipendvinnar frå Ål – Markella. Norsk kulturskuleråd, Norsk Tipping og ordføraren vår Solveig Vestenfor deler ut den gjeve prisen før framsyninga Syng 🏆
 
Velkomen til feiring av kulturen, sommaren og livet!
 
Her kan du kjøpe billett: Ål Kulturhus | Kulturprogram

Comments are closed