NMH + ÅKS = eit musikalsk vennskap

19 studentar frå bachelorprogrammet i musikkpedagogikk  ved Norges musikkhøgskole kjem til Ål for tredje år på rad for å spele, synge og undervise elevane våre ei heil veke. 

Det blir konsert med gjestane frå Oslo saman med alle elevar og lærarar frå musikklinja til Ål kulturskule i Storesalen – og du er invitert! 
Kulturskulen har i tillegg til musikalske samarbeid med NMH øvd inn eigne nummer i haust, så konserten blir variert og leiken med musikken som heidersgjest. 

Me lovar god stemning, allsang, musikalske ablegøyer, improvisasjon og stor allsidigheit. 

Noregs musikkhøgskule (NMH) er ein vitskapleg høgskule med Noregs største fagmiljø innan musikk. Utdanningane skal gje eit solid fundament for ein profesjonell karriere innan musikk. NMH skal bidra til at Noreg har eit sterkt og levedyktig musikkliv, der alle er velkomne og kan delta.

Gratis inngang!

Konserten varar ca ein time

Info NMH 13.10 (2)Grupper og tider veke 45 (1)

Comments are closed