HARDINGFELE

Velkomen til fele, fiolin og hardingfele!

Fagplan hardingfele og fele

Lærar: Rebecca Lofft 

Ål Kulturskule tilbyr undervisning på hardingfele, klassisk fiolin og flatfele/fiolin folkemusikk opp til eit vidarekomande nivå. Det er mogleg å gjere ein kombinasjon av folkemusikk og klassisk dersom det er ynskjeleg.

Fagplan  hardingfele/vanlig fele – nybyrjar

Rebecca Lofft har Bachelorgrad ved St. Olaf College i Northfield, Minnesota, USA, og Mastergrad i Tradisjonskunst i hardingfelespel ved Rauland, Høgskolen i Telemark. Ho har spelt fiolin sidan ho var 8 år, bratsj sidan ho var 12 år, og hardingfele sidan ho var 14 år. Ho spelte bratsj frå 2001-2005 i St. Olaf Orchestra og har studert klassisk bratsj med Charles Gray. Ho studerte hardingfele med Dr. Andrea Een ved St. Olaf som også hadde studert med Lars Skjervheim frå Voss. Seinare har Rebecca spelt med Leif Rygg, Hauk Buen, Arne Anderdal, Øyvind Brabandt, bl.a, og har fokus på spel frå Hallingdal.  

Undervisninga i fiolin kan legges opp til å følge ei klassisk- eller ei folkemusikk linje (der instrumentet kalles fele eller flatfele), eller ein kombinasjon om ynskjeleg.

Undervisninga i hardingfele er hovudsakleg folkemusikkorientert.

 

Organisering av undervisninga:

Undervisning går føre seg hovudsakleg med ein elev, men kan og organiseres som gruppeundervisning i små grupper dersom elevene er på lignende nivå og alder.

Samspeløving er cirka 1 gong per måned, eller meir om ynskjeleg. På samspel er alle elevane saman både for å øve på låttar saman og for å ha eit sosialt miljø. Dette er en viktig del av opplæringa og er obligatorisk.

Innhald i timane:

Det første halvåret skal timane handle om:

– Korleis halde instrumentet og bogen

– Korleis ta vare på og behandle instrumentet sitt

– Plassering av fingrane på fingerbrett

– Lære namn på alle strengane

– Lære diverse namn på instrumentdelar

– Lære korleis ein strammar og slakkar bogen

– Lære enkle songar som bruker alle fingrar og enkle bogestrøk

– Lære om rytme

– Lære klappeleiker som handlar om rytme.

– Leike feleleikar som fører til forståelse av toner, rytme, og å sette pris på musikk

– Lære å spele reine tonar

– Lære å spele med fin lyd og klang på strengene

– Evt. notelære ved høve

Dei fyrste tema er grunnleggjande og spelar ei viktig rolle i eleven si utvikling av instrumentale ferdigheter.

Det grunnleggjande er noko ein tek opp att gjennom heile utdanningsløpet, fyrste innføring plar å vare i ca 2 månader (august, september). Etterpå jobbar me vidare på meir kompliserte låttar og leik.

Elevar har naturligvis ulik progresjon og dette påverkar enkelttimane.

Kvar undervisningstime blir tilrettelagt til kvar enkelt elev.

Fagplan for hardingfele – vidarekomne

Eleven skal arbeide vidare med/lære:

– Enkle låtter, slåttar, melodiar

– Etterkvart lære meir av slåttetilfanget i Hallingdal

– Lydinnlæring: Dra på fleire strenger om gangen, lytte seg fram til reine klangar

– Notelæring ved høve og interesse

– Teknikk (i forhold til bogen og fela)

– Grunnleggjande stiltrekk i melodiføring og rytme

– Vektlegging på takt og viktige elementer ved å spele til dans

– Korleis ein stemmer fela – prøve sjølv

– Om nokre sentrale spelemenn i notid og fortid med særleg vekt på lokale utøvarar

– Om folkemusikkmiljøet i dag ved å delta på lokale/regionale/nasjonale arrangement

 

Læremateriell:

Notelærebok

Håndskrevne notar i notatbok

Egne opptak av feletimar

Videoer lagt ut på felles Facebookgruppe

Gjera dei kjent med cd-ar og kassettar med spelemenn frå Hallingdal.

Lekser:

I timane skriv eg songane ut på ein enkel måte. Dette kan vere til bruk for elevar som ein påminning om korleis låtten er.

Tala representerer fingrane som er brukt. 1=pekefinger; 2=langemann; 3=ringfinger; 4=lillefinger

Ein vertikal strek /  representerer at ei frase er slutt, samt forholdsvis korleis takta er.

Generelt om samspel:

Feletimer i Ål Kulturskule inneber samspel ei gong i måned, og i ein samspelsperiode i samband med prosjekt. Samspel erstattar ordinære timar i same veke.

Oftast blir samspel delt slik:

gruppe 1: vanlig fele

gruppe 2: hardingfele nybyrjarar

gruppe 3: hardingfele vidarekomne

Dag og klokkelslett for samspel er satt opp på timeplan under dei ordinære timane. (Sjå i speed-admin.)

Nokon gonger blir det samspel med alle sammen. Desse datoane kjem i semesterplan med dag og klokkeslett.

I tillegg blir det antageligvis meir samspel i november og desember nærmere konserter og juleavslutninger.

Eg vil også opne for at vidarekomne elevar som har gruppetimer (2+) kan f.eks. dele opp timen av og til, slik at at kvar elev får meir tid åleine med læraren.

 

Tips til nye feleelevar og -foreldre:

Bogen:

Håret på bogen skal vere slakk når bogen ligg i felekassa og ikkje er i bruk. Håret må strammast når ein speler med bogen. Ein slakkar og strammar håret ved bruk av ein liten skrue på enden av felebogen. Skru denne til du ser håret på bogen blir stramt/laust. Når ein speler, er riktig avstand til håret frå pinnen ca. ei blyantsbreidde.

Stemming av feler:

Hardingfele er kjent som ei vanskeleg instrument, i hovedsak på grunn av stemming.

I mine feletimer har eg valgt at elevane ventar til dei kjem på eit vidarekomande nivå med å stemme felene sjølve. Å stemme er noko ein må lære seg å høyre og gjere etter kvart. Det tar tid å lære både å høyre tonane, og kontrollere det fysiske med å skru stemmeskruene. I nokre tilfelle mange år. Stemmeskruene på små feler kan vere vanskelig å skru, og dermed er felene vanskeleig å stemme. Små feler brukar å vere vanskelegare å stemme enn større feler og toler litt mindre stress. Difor stemmer eg felene i timene. Når elevane blir eldre og utviklar gehør, er det mogeleg å begynne å lære dei å stemme eigne feler. Dette er sjølvsagt individuelt og det blir tatt hensyn til i forhold til elevens progresjon.

Sjå figuren: Bildet er av ei Endre E. Sandland-fele frå Telemark, tatt frå http://www.viken-violiner.no.

Strengane på vanleg fele/fiolin og hardingfele er, frå venstre til høgre:

G D A E

I folkemusikken omtaler vi dei som:

bass ters kvart kvint

Bassen er mørkast. Dette er G-strengen.
Tersen er nest mørkast. Dette er  D-strengen.
Kvarten er nest lysest. Dette er  A-strengen.
Kvinten er lysast. Dette er  E-strengen.

Vanleg fele er det samme som ein fiolin, og er stemt (frå venstre til høgre):

G, D, A, E.

Hardingfele er vanligvis stemt (fra venstre til høgre): H, E, H, F# (fiss).

Understrengane blir stemt i forhold til overstrengene for å oppnå mest mulig resonans og klang.

-Viss det er 4 understrenger, er dei stemt E, F#, G#, H.

-Viss det er 5 understrenger, er dei stemt: C# (ciss), E, F#, G#, H.

Det er mange diverse felestillarar på hardingfele, opptil til 27!

Eg anbefaler innkjøp av en stemmemaskin for å trene på å stemme, og å trene øyrene til å høyre reine tonar.

Merk! Dersom ein stemmer etter maskin, står det ofte B i steden for H (på engelsk).