TEATER
“All the world’s a stage.”
Teater Fagplan
Lærar: Buskerud Teater
Tid: Ikkje eit tolbod skuleåret 2022-2023
Ungdomsskulen/VGS
Sted: Sprang. (Storesscena ved arrangement i Sprang.)
Innledning
Teater i kulturskolen omfattar dramapedagogiske prosessar, arbeid med roller, situasjonar og teaterproduksjon. Gjennom teaterfaglege arbeids- og uttrykksformer skal elevane utvikle kompetanse i å utøve, formidle, skape, oppleve og reflektere. Barn og unge lever tett på samtidskulturen og i eit samfunn som stadig blir meir globalisert. I framtida skal dei skape teater, vere utøvarar og publikum. Teateropplæringa ved kulturskolen skal bidra til å utvikle ferdigheiter som gjer det mogeleg for elevane å møte utfordringar som ligg i dette: bli medvitne om verdiar og ansvar, kunne ta sjølvstendige val, vere konstruktive og kreative. Teaterscena skaper gode vilkår for at ungdomane kan utfalde seg. Gjennom teater som kollektiv kunstart lærer elevane å reflektere over merksemd som er retta mot individet, forventningspress og forbilde. Samhandling er grunnleggjande i alle delar av teaterprosessane. Å spele teater handlar også om å konstruere seg som individ og utvikle personleg uttrykk som aktør gjennom å formidle ei rolle, ein situasjon, ei forteljing. Elevane får ta stilling til etiske spørsmål og utviklar kritisk refleksjon. Både inntrykk, uttrykk og forståing vil utviklast og bli rikare i teaterfellesskapet. For den enkelte eleven kan teater vere eit ledd i ein verdfull danningsprosess. Ein intensjon med faget er å gjere elevane til aktive og medverkande deltakarar i undervisninga og produksjonsarbeidet.
Overordna mål
Gjennom arbeidet med teater skal elevane
• utvikle uttrykksevne, formsans og ferdigheiter i å agere
• kunne ta i bruk teater som kommunikasjonsmiddel
• oppleve meistringsglede og positiv eigenutvikling
• utvikle evne til kritisk tenking, empati og lagspel
• utvikle evne til å utforske fortid, nåtid og framtid
• få mogelegheiter til fordjuping som kan danne grunnlag for høgare utdanning i teater
• bli ressurspersonar som bidrar til eit levande kulturliv
Innhald i undervisninga
Elevane skal i undervisninga arbeide med å
- Analysere og tolke ulike tekstar
- Bruke kropp og stemme for å skape ulike dramatiske uttrykk
- Erfare bruk av andre kunstarter i teater
- Opptre for kvarandre og publikum, sjølvstendig og i gruppe
- Vere bevisste tilskodarar som kan gi konstruktiv tilbakemelding