MUSIKKLEIK

Leik og kreativitet!
Alder/nivå: 3 – 5 år
Lærar: Bergljot Kaslegard
Menneske er født med musikkglede! Ja, sjølv før fødselen responderer barnet på song og musikk.
På musikkleik får borna eit positivt og opent forhold til musikk. Vi lytter, leiker, speler og lærer, både enkle rytmer og fengande songar. I løpet av undervisningsåret får elevane prøvd seg strengeinstrument, rytme, tangentar og blåseinstrument.
Undervisninga gir eit godt grunnlag for vidare instrument- og songlære i Ål kulturskule.

Gjennom arbeidet med musikk skal elevane

• oppnå gode ferdigheiter på instrumentet sitt, på alle nivå og ut frå ambisjonsnivå

• oppleve meistringsglede og positiv sjølvutvikling

• utvikle seg til sjølvstendige utøvarar som har glede av musikk livet gjennom

• bli aktive lyttarar med eit nært forhold til musikk

• utvikle evna til samspel og samarbeid

• få høve til fordjuping som kan danne grunnlag for vidaregåande og høgare utdanning i musikk

• bli ressurspersonar som bidrar til eit levande kulturliv