KulturMagi

Kulturmagi er eit kunstnerisk samarbeidsprosjekt som i hovedsak skal tilby aktivitet kvar veke og resultere i ei open forestilling på Ål kulturhus juni 2020. Elevane skal få prøve seg på teater, dans, historiefortelling, sang og musikk.

Born og ungdom frå heile verda kjem til den vesle kommunen vår. Mange er kome hit som flyktningar og asylsøkjarar, nokon er vakse opp her med framandspråklege foreldre. Kulturskulen har eit stort ansvar for å legge til rette for ein «kulturskule for alle» og med dette prosjektet er vi eit steg i riktig retning.

I KULTURMAGI blir alle invitert til å gi av seg sjølv. Alle har noko å dele, alle skal kjenne seg som ein superressurs i prosjektet!

Kulturmagi har vennskap og tilhøyre hovedmål❤️

Øvingar kvar tysdag kl 17:00–18:30
Storescena
Alder: frå siste året i barnehagen til 25 år.


Blir delt inn i grupper etter alder. Tidspunkt på kvar gruppe kjem etter opptak. Søk viawww.aalkulturskule.no under fana speed-admin.

Kulturmagi står på scena onsdag 10 mai 2020. Er du ein av dei?