Kreativ skriving

Alder: 8.trinn – VGS

Lærar: Bergljot Kaslegard

Har du skrivekløe? Skriv du dagbok? For skrivebordsskuffen? Eller for draumen om noko større?Gløym rettskriving og løkkeskrifta og kast deg uti laus poesi og groovy rap!

Kreativ skriving er eit tilbod til dei som ønskjer å utforske eit personleg uttrykk der ord/tekst er det berande i uttrykket. Elevane skal utvikle glede ved god form, forteljing og formidling, ved å bruke omgrep og tekstar i ulike samanhengar og på ulike plattformer, analogt og digitalt. Gjennom skapande skriving skal eleven lese for å skrive betre, skrive for å lese betre. Eit rikt ordtilfang og sans for mangfaldet i språket er viktig for å kunne uttrykkje seg. Av og til klart og presist, andre gonger underfundig og tvitydig, eller humoristisk. Fantasien og undringa til eleven må stimulerast. Barn og unge lever tett på samtidskulturen, og dei kjem til å leve i eit samfunn som blir meir og meir globalisert. Skriveopplæringa i kulturskolen må bidra til å utvikle kompetanse som gjer det mogeleg for elevane å møte utfordringane som ligg i dette: bli medvitne om verdiar, kunne ta stilling og vere konstruktive. Gjennom skapande skriving vil dei kunne lære å møte merksemd omkring eigen person, forventningspress, forbilde og kravet om «iscenesetting» av seg sjølv.

Overordna mål

Gjennom arbeidet med skapande skriving skal elevane

• utvikle skriveglede og leselyst gjennom leik og metodisk undervisning

• utvikle sjølvstendig uttrykksevne og formsans i arbeidet

• utvikle skrivekompetanse

• få trening i å uttrykkje eigne kjensler, meiningar og erfaringar

• utvikle evne til samhandling

• få tiltru til eigne evner

• få mogelegheit til fordjuping som kan danne grunnlag for vidaregåande og høgare utdanning

• bli ressurspersonar som medverkar til eit levande kulturliv