OM KULTURSKULA‎ > ‎

OM OSS

Visjonar & Mål

Ål kulturskule skal vere den viktigaste formidlaren av kultur og kulturell eigenoppleving til born og ungdom i Ål kommune.
Ål kulturskule har difor som mål å gje instrument- og songundervisning, dans- og teaterundervisning, og kunstskule til alle born og unge som ynskjer dette i kommunen.

Hovudmålsetjinga er å utvikle dei skapande og kreative evnene hjå elevane, og gje dei kunnskap og innsikt innafor eige arbeidsfelt, og i tillegg ei generell forståing av kunst og kultur.

Lokalet

Kulturskulen disponerer ei rekkje større og mindre rom i Ål Kulturhus. 
Det aller meste av undervisninga går føre seg på kulturhuset.
Skulen har fire undervisningsrom til musikkundervisning. 
Dansestudioet Fet’n er eit av dei mest brukte romma i kulturskulen, og vekentleg får nærare 200 elevar danseundervisninga si i dette lokalet. Yoga undervisninga har me i eit eige yogarom innanfor dansesalen. Inngang frå biblioteket.

Musikkverkstaden nyttas til bandundervisning og samspel.
Særleg dei store gruppeundervisningsromma er svært viktige brikker i den daglege drifta av kulturskulen. 
Ved større oppsetjingar leiger kulturskulen Storesalen i Ål kulturhus, der ein har eit velfungerande scenerom, svært gode teknikarar og alle rammeforutsetningar til stades for å lage gode framsyningar og produksjonar.

Kunstskule-elevane våre boltrar seg i flotte lokaler på Ål ungdomsskule og på Ål kulturhus.

Lærarar

Iris Almås Tangeraas 
Rektor 
917 50896

Trude Saksen
Dans
916 39 565

Bergljot Kaslegard Nordal 
Piano, administrasjon og sampel
984 55607

Rebecca Lofft 
Hardingfele og fiolin
992 62567

Ludmilla Petrova 
Piano
911 52637


Audun Sporsheim 
Gitar og bass 
908 66788

Siv Rustberggard
Yoga
415 00284

Stian Øygardslia 
Slagverk
952 20121

Rannveig Øygardslia
Dans
975 56457

Anne Sem-Jacobsen 
Song
905 90 687

Camilla Jenssen
Kunstfag
971 46 214

Leika Mark Noppeneu
Yoga
+45 28 55 36 65

Stine Førland
Teater
954 15 813