Velkomen til nytt skuleår ved Ål kulturskule!
Vi gler oss stort til oppstart i veke 35 – og det håpar vi du òg gjer!
Med rekordmange søkjarar og over 340 elevplassar fordelt på 226 elevar, går vi inn i hausten med full energi og mykje å glede oss til. Tusen takk for tilliten – det synest vi er heilt fantastisk!
Dette kan du glede deg til:
Vi har stor tru på at dette blir eit strålande semester fylt med skaparglede, inspirasjon og fellesskap. Hald gjerne av desse viktige datoane allereie no:
-
Veke 45: Besøk frå Norges musikkhøgskole, med felles konsert torsdag 6. november
-
Sundag 30. november: Danseframsyninga SNE og julegrantenning – fleire kulturskuleelevar deltek
Hugs:
Dersom du ikkje ønskjer å ta imot elevplassen likevel, ber vi deg gi beskjed i Speedadmin innan 1. september, slik at andre kan få moglegheita.
Restplassar:
Vi har framleis nokre ledige plassar på:
- Dans
- Sceneteknikk
- Gitar
- Fiolin
- Hardingfele
- Visuelle kunstfag
Andre kurs er no fulle, men du kan gjerne sette deg på venteliste – vi tek kontakt dersom det blir ledig plass.
Varmt velkomen til nytt semester frå veke 35!