Danseforestilling SPIRE

Ei forestilling om styrker og draumer! 
 
Vi ynskjer å rette merksemda mot positive faktorar og styrker hjå eleven, og bruke det som metode for å lage ei framsyning saman. Vi vil identifisere dei gode sidene, dyrke det som er bra og det som gir oss livsglede og energi! Vi veit at trygge elevar med godt sjølvbilete lærer meir, tek vare på andre og har større evne til å tenke kreativt. Vår viktigaste jobb er å vere med på den reisa det er, å skape trygge menneske som trur på kvarandre og på seg sjølve. Vi vil at dei skal LEVE gode liv og vere ei viktig brikke i andre sine liv. Livsmeistring er ikkje ein individuell prestasjon, men noko me meistar i fellesskap.
 
Vi har med oss dansarar frå Gol kulturskule og til saman er vi 200 dansarar på scena! 
Billettar finn du på heimesida til Ål kulturhus: Ål Kulturhus | Kulturprogram
 
FRIVILLIG PÅMELDING:
Meld deg som frivillig via dette skjemaet: https://forms.gle/PR3kUpPozEXxxmv69   
 
 
 
 
 
 
 

Vis innlegg

Comments are closed