Sommarfestival 12. juni

Under Sommarfesten i år har me tre arenaer for framsyning: Storesalen, Sprang og Utescene på framsida av Ål kulturhus.  

I oversikta sendt ut på e-post ser du kva for ei scene du skal vera med på, og når du skal møte til generalprøve og framsyning. Merk at nokon er med fleire stader! Snakk med faglærar viss det er noko du lurar på. Oppmøtestad, romoversikt, foreldrevakter og detaljert tidsplan for prøvedagane kjem i eigen e-post seinare.  

Alle generalprøver er med kostyme. Alle elevar er velkomne til å sjå på generalprøvene. For å vera med på framsyning må du også vera med på prøver i forkant. 

Tysdag 7.juni 

Storesalen: Oppmøte til generalprøve kl. 15.00, ferdig ca kl 19.00  

Laurdag 11.juni 

Utescene: Oppmøte til generalprøve kl 13.00, ferdig ca kl 16.00 

Sprang: Oppmøte til generalprøve kl 16.00, ferdig ca kl 19.00 

Sundag 12.juni 

  • Kl. 10:00 Oppmøte for dei som er med i Storesalen 
  • Kl. 11:00 Generalprøve Storesalen 
  • Kl. 13:00 Framsyning Storesalen 
  • Kl. 14:30 Oppmøte for dei som er med på utekonsert 
  • Kl. 15:00 Framsyning utekonsert  og servering
  • Kl. 16:30 Oppmøte for dei som er med på Sprang 
  • Kl.17:00 Framsyning Sprang 
  • Kl.18:00 Nedrigg 
  • Utstilling skjer parallelt kl. 13.00-18.00 

Comments are closed