Bygdepride Love is Ål

Ål kulturskule arrangerer bygdepride.

Ål is LOVE!

9. juni, om alt går etter planen, vil historias fyrste pride-markering bli gjennomført i dalen. Ål kulturskule vil med dette gjere det vesle samfunnet vårt endå rausare og meir inkluderande.

Men dette er ikkje eit standpunkt vi står for åleine. Saman med oss er til no viktige aktørar som; Folkemusikkveka, Huckfest, Ål kulturhus, Hallung, prost Sveinung Hansen, kommunalsjef Vegar Hoel, kultursjef Hilde Bjørnsvik og ordførar Solveig Vestenfor.

Er du leiar for ein organisasjon eller bedrift og ynskjer å vise standpunkt, ta kontakt!

Kulturskulen har allereie i mange år jobba for eit trygt oppvekstmiljø og eit inkluderande læringsmiljø. Med eit humanistisk menneskesyn til grunn står verdiar som ytringsfridom, menneskeverd og demokrati høgt på agendaen. I arbeidet med framtidas kulturskule – kulturskulen 3.0 i Norsk Kulturskulerådet og KS, peikar dei på at kulturskulen skal vere ein møteplass, arena og tilretteleggjar for lokalsamfunnet.

I den første Stortingsmeldinga for barn og unge som kom no april, blir begrepet Kulturskule for alle løfta fram.

Hos oss har vore eit langsiktig arbeid med kulturskule for alle. Og når det står alle meiner vi alle. Difor syns vi det er på sin plass å feire mangfaldet og kjærleiken, for på Ål kan ein vere akkurat den ein er.

“Kultur og kulturskulen har både ein viktig eigenverdi og ein sterk samfunnsskapande kraft. Kultur gir verdifulle opplevingar og meining i menneskes liv. Skaper fellesskap og sterke lokalsamfunn. Som arena for frie ytringar kan kulturskulen også bidra til å styrke demokratiet. Gjennom ulike kulturelle utrykk vises ulike tradisjonar, identitetar, tankar og kjensler på ein måte som bidreg till toleranse for mangfald og dermed inkludering. På denne måten kan kulturskulen bidra til tillit og samhandling som styrker samfunnets sosiale berekraft, i tråd med FNs berekraftsmål.” NKSR

I danninga av heile mennesket treng vi rom for heile mennesket. Du treng meg – eg treng deg og vi treng oss – fellesskapet! Vi er ikkje einige i alt, men då kan vi skape eit ueinighetsfellesskap, eit samfunn der det faktum at vi er ulike blir vår styrke! Bli med å feire livet og varmen, feire deg og venene dine og naboane dine.

Kom som du er, ver den du er, vi har deg.

Comments are closed