Sommarfest

Velkomen til sommarfest på Ål kulturhus!

Ål kulturskule gjentek fjorårets suksess og samlar små og store, elevar og publikum, til ein allsidig sommarfest på Ål kulturhus. Me har stor glede av song og musikk, dans og teater, kunst, yoga og komponering her i Ål, og mange talent finn utgangspunktet sitt i kulturskulen. Me vil gjerne vise fram heile breidda i kulturskulen og ynskjer deg hjarteleg velkomen til å dele ettermiddagen med oss.

Det blir matservering frå kl. 15.00, så middagen kan me dele på langbord i finveret.

Kafé TID og innvandrartenesta står for matservering denne dagen, Ved inngangen kan du kjøpe matbongar, og der byter du også kjøpte billettar til festivalband, som gjev tilgang til alle arrangement heile kvelden.

PROGRAM

15.00-18.00 Kafé TIDog vaksenopplæringa står for servering ute i sola, det blir eksotisk og velsmakande rettar, kaffe og kake. Langbord, musikk, og god stemning.

15.30 Velkomen ved Iris (kulturskula) og Silje (innvandrartenesta)

15.35 Underhaldning og aktivitet

15.50 Visuell kunst – presentasjon ved Camilla. Kunstutstilling med elevar frå kunstfag.

16.15 Konsert i Storesalen av musikkelevar (band og samspel)

17.00 Akustisk konsert i Syningen (fele, piano og song)

18.15 Danseforestilling i Storesalen

19.30-20.45 Gratis yogatime for alle som ynskjer i Syningen med Hilde (Vi har yoga matter)A

Comments are closed