Hausten i kulturskulen

Viktige datoar neste skuleår:

Felles oppstart for føresette

Ål kulturskule – storesal Ål kulturhus
Tid: onsdag 21. august kl. 18.00-19.00

Etter felles møte i storsalen kan du møte elevens lærar. Vi ber deg prioritere møte med individualundervisning.

Jul på Sundre

Felles kulturvandring og konsert under Julegrantenninga på Sundre. 1. desember.

Kulturkommunen Ål og Ål Handelsforening inviterer, tradisjonen tru, til stemningsfull og triveleg julegrantenning på Torget fyrste sundag i advent. Det blir sang og dans rundt julegrana før alle kan bli med på ei lysvandring
med kulturelle innslag ned til kulturhuset der nisse og gløgg ventar.
Kulturskuleelevar sørger for underhaldning ute langs lysvandringa saman med frivillige lag og organisasjonar frå Ål.
Klokka 13.00 inviterer Ål kulturskule til matinékonsert i Syningen med musikkelevar. 
Kom og høyr flinke barn og ungdomar synge og spele!

Snødans – danseforestilling.

Billett: Ål kulturhus
Tid: Laurdag 7. desember kl. 14.00 og 17.00

Ål kulturskule har over 200 danseelevar i eit nyskapande miljø med høg kvalitet og bredde.

Vi ynskjer velkomen til ei varm desemberforestilling med alle våre  flinke dansarar på scena. Her blir det stor variasjon i musikk- og dansesjangrar. Vi feirar dei nye lokala våre ved å syne fram gleda, energien og kjærleiken elevane våre har til dansen!

Dansarane ved Gol kulturskule er invitert til å dele scena med oss, og vi ynskjer dei spesielt velkomne som gjesteartistar i denne framsyninga.

Velkommen til store og små

Koreografi: Trude Saksen, Rannveig Øygardslia og Mari Vaagland

Comments are closed