Kulturskulen og Korona

Kulturskulen og Korona


Torsdag 12. mars vart kulturskulen, på lik line med alle skuler landet over, stengt grunna korona-pandemien.

Stenginga gjeld førebels fram til og med 13. april, onsdag 8. april vil regjeringa kunngjere evt opning eller forlenging av stenginga etter påskeferien.

Lærarane våre har gjort sitt beste i eit forsøk på å gje elevane våre alternativ undervisning ved hjelp av digitale verktøy. Me har forsøkt oss på øvebingo, YouTube-videoar, bruk av leksesett i SpeedAdmin og undervisning via plattformar som m.a. Zoom og Teams.

Me har full forståing for at dette ikkje er like enkelt å følge med på for alle, at nokon har meir enn nok med skuleoppgåver, medan andre manglar motivasjon for å halde fram utan å få møte læraren og gruppa si. Det er heller ikkje alle faga våre det er like enkelt å digitalisere, og det er ikkje til å legge skjul på at det krev mykje av både lærarar, elevar og føresette å skulle gjennomføre undervisning på ein slik måte.

Me håpar at de har høve til å nytte tida heime til å spele, synge, danse, måle, teikne, leike – og ta vare på dykk sjølve og dei rundt dykk!

Comments are closed